
Lørdag 16. februar kl 16:00
Ettermiddagskonsert på Buckleys
Yngve & His Boogie Legs
Oslo Bluesklubb arrangerer lørdag
ettermiddager på Buckleys.
Denne lørdagen får vi besøk av Yngve
& His Boogie Legs som var Union Blues Band 2012.
Yngve & His Boogie Legs har i løpet av dei to
siste åra blitt eit velkjend namn innan bluesnoreg, og har etterkvart
fått omdøme som eit av dei mest spanande unge bluesbanda i landet.
Spesielt i 2012 har bandet storma fram under tittelen Union Blues Band
2012 med god hjelp av Norsk Bluesunion. For sine live show har dei
hausta kritikk frå diverse presse som
«Eit av dei store høgdepunkta under Vossa Jazz 2012» - Vossa
Jazz,
«Maken til spilleglede og entusiasme skal en lete lenge etter»
- Ørskog Blues Club.
Bluesbandet, og Union Blues Band 2012, Yngve & his Boogie
Legs slapp fredag 3. august 2012 sitt debutalbum. Plata er på 11 spor,
alt
sjølvskrive materiale, og er spelt inn live på tape i Propeller Music
Division i Oslo. Låtene på plata bevegar seg sjangermessig frå nesten
reine blueslåtar, til rockelåtar med moderne sound og eit energinivå få
andre i sjangeren kan stille opp med.
Heilt ifrå åpningslåta «Over in a Day» setter grooven seg frå fyrste
sekund i trommeintroen, og det byggjer seg heile tida oppover, og ein
let seg rive med til det catchy refrenget på det New Orleans-inspirerte
andresporet, «What I'm Gonna Do».
Det kommer til å svinge - husk danseskoene!
I bandet:
- Bjørnar Ekse Brandseth - gitar og vokal
- Lars Finborud - gitar og munnspill
- Yngve Jordalen - kontrabass
- Morten Bessesen - tangenter
- Anders Fretheim - trommer
Entré
i døren: 150,-/200,-
(medlemmer/ikke medlemmer).
|